Overnatting og toppturer i Breheimen nasjonalpark – tips fra lokalkjent

Toppturar i Breheimen Nasjonalpark i Skjåk

(Her finner du turtips til turer fra lokalkjent i Skjåk Almening)

I Skjåk Almenning har vi fleire hytter som passar perfekt som base for toppturar på ski i Breheimen Nasjonalpark!

For å gå topptur må ein ikkje nødvendigvis ha verken Randoneeutstyr eller gå over den magiske 2000 meters grensa – vi har fine utsiktstoppar under 2000 meter også. Fjellski er også framleis eit alternativ for å koma seg både opp og ned.

I Skjåk er vi heldige som har toppturar som passar for dei fleste, vi har peika ut nokre område i Breheimen som vi tykkjer er spesielt fine.

Over 2000 moh

I Breheimen og Skjåk er den aller mest kjente toppen vi har, Tverrådalskyrkja. Den vakre kyrkja er 2088 moh – og utsikten tek pusten frå deg i godvær. Her ser du kvasse tindar i Hurrungane i sør, ville vestlandsfjell i vest og slakare fjellmassiv i nordaust.

Sottjønnbu som ligg 1475 moh i Skjåk Almenning, er eit supert utgangspunkt for dagstur til Tverrådalskyrkja – eller dei tre fagre Holåtindane,  alle over 2000 moh. Dette er delvis krevjande turar som passar best for dei med litt erfaring frå før – men ikkje verre enn at dei fleste kan klare det. Vil du ikkje til topps er det eit tips å gå rundt Tverrådalskyrkja i staden.

Skogsterreng og mange høgdemeter

Vil du ha litt meir å velje i, med både skogsterreng, høge fjell og vidder, er Liabu eit perfekt utgangspunkt! Liabu høver best for to personar, eller ein gjeng som kjenner kvarandre godt- for plassen er ikkje så stor. Dagsturar til Tverrådalskyrkja, Tundradalskyrkja og Holåtindane er mogleg om form og ferdigheiter er gode. Men det finst også drøssevis med andre gode alternativ – også om været ikkje viser seg frå si beste side. Då kan ein ta seg ein tur i skogsterrenget mot Sotlie i eit litt lunare klima enn høgfjellet, eller gå på fjellski innover dei lange dalføra vestover mot fylkesgrensa. Det er også langrennsløyper i området for dei som heller vil prøve det.

På fjellet, fint for heile familien

Er du ikkje så interessert i om toppen er over eller under 2000 meter – kan vi anbefale Legerhytta ved Riksveg 15 i Breidalen. Her er det stutt frå bilveg til hytta, to soverom og sengeplass til 8 personar. Det er også innlagt straum, men ikkje vatn.

Dagstur til Skridulaupen i Breheimen, 1949 moh.  Etter ca. 1000 meter stigning får du panoramautsikt over Tafjordfjell og Breheimen, ein nokså grei tur som også høver for familiar.

Eit anna alternativ i dette området er Krosshø, 1857 moh – her kan du også få ekstra hjelp av skitrekket på Grotli nokre ekstra høgdemeter opp, om du vil ha ein lettare tur. Eit tredje alternativ er å gå rett frå hytta og opp på Breidalseggi, 1635 moh – fin nedkøyring på fint føre! Langrennsløyper og skitrekk på Grotli om været gjer at det ikkje fristar med topptur.

Sjekk ut Skjåk almennings hytter – Klikk her for å se alle.

 

Se alle HYTTER TIL LEIE HOS SKJÅK ALMENNING – klikk her.
SE FLERE TURTIPS
TIL INATUR.NO

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *